Hvordan redusere avfallet ditt? Noen svar får du i et nytt gjesteinnlegg her på Green Bonanza, og det er et jeg har gledet meg veldig til å få publisere! 

Kristine driver bloggen Grønare Kvardag, som hander om å redusere søppelavfall i tråd med Zero Waste-bevegelsen. På bloggen finner du masse informasjon og råd om hvordan redusere søppelavfallet ditt, og der samler hun sammen noen gode tips, både om mat og andre artikler. Kanskje du får noen aha-opplevelser når det kommer til husvask, barbering og mikrofiberkluter?

I denne “byttehandelen” vi har gjort med blogginnlegg utfordret Kristine meg til å lage en fullstendig emballasjefri middag, og hvordan dét gikk kan lese om på Grønare Kvardag. Jeg har også tidligere skrevet en tekst her om hvordan jeg prøver å redusere plastavfallet på kjøkkenet mitt.

Refuse, Reduce, Reuse, Recycle, Rot

Tekst: Kristine Ullaland, Grønare Kvardag
Foto: Green Bonanza

Vi nordmenn toppar forbruksstatestikken i verda. Om alle skulle levd som oss ville vi trengt nærare 3 jordklodar. Vårt høge konsum skapar mykje søppel, og i 2014 toppa vi verdslistene fordi vi i snitt kasta 28,4 kilo elektronisk avfall per person. Andreplass, Sveits hadde rundt 2 kilo mindre avfall per person i snitt.

I løp av dei siste 20 åra har vi nordmenn dobla avfallsmengda per person. Avfall er klart ein byrde for samfunnet, men det får alt for lite fokus. Vi har alle eit forhold til søppel og dersom vi byrjar å sjå på kor mykje vi kastar i løp av ein dag så ville vi nok blitt overraska. Men det gjer vi ikkje, for søppelspann er dandert utover, kvar en vi bevegar oss. Og om ikkje det er noko søppelspann så har vi alltid havet og naturen.

Utfordringa med søppel er at mykje av dette består av syntetiske material som ikkje blir nedbrote. Mikroplast frå skrubbar og tannkremar har fått mykje merksemd, men også kleda vi går med utgjer ein trussel for naturen. Kunstige material som akryl og viskose avgjer små fibrar når dei blir vaska. Desse fibrane er så små at dei ikkje blir tatt opp av reinseanlegget før det når ut i havet. Organismar langt nede på næringskjeda som til dømes plankton, et desse fibrane og mikroplasten. Slik blir kunstige materialar som til dømes akryl, ein del av næringskjeda og hamnar til slutt på matfatet vårt.

Zero Waste bevegelsen har oppstått som ein motreaksjon til det konsumfokuserte, kapitalistiske samfunnet vi lev i, og går ut på å ikkje konsumere meir en det som er naudsynt. Fokuset er å bruke mest mulig naturlege råvarer, enten det gjeld mat, klede, vaskemiddel eller liknande, samt kjøpe mest mogleg brukt. Zero Waste tek utgangspunkt i dei 5 R’ane som er Refuse, Reduce, Reuce, Recycle, Rot. Kort fortalt går det ut på å ta avstand frå det du ikkje treng, reduser det du treng. Bruk om att det du kan og resirkuler eller komposter det som er igjen. Zero Waste pioneren Bea Johnson har saman med sin familie på fire levd utan søppel sidan 2008. Slik kan du gjere det same.

Kvitt deg med eigendelar du ikkje brukar

Konsumsamfunnet vi lev i freistar med både det eine og det andre, men kva treng vi eigentleg? Dersom du går igjennom skap og skuffer i leilegheita di, vil du nok sjå mange ting du ikkje lenger har bruk for. Kva med å selje det eller gje det vekk? Legg inn artiklar og papir du har teke vare på, på Evernote.com. Der kan du systematisere viktige papir og ting du ynskjer å ta vare på, samtidig som du slepp å huse det. Evernote er super til å lage lister, og du treng ikkje lenger irritere deg over at du gløymde handlelista på veg til butikken. Alt du legg på Evernote er tilgjengelig på smarttelefonen din.

Ved å kvitte deg med ting du ikkje treng vil du oppdage at du brukar mindre tid på å rydde og vaske. Vurdera du å skaffe meir skapplass? Kva med å snu om på problemet. Kanskje du har for mange ting? Å skaffe meir skapplass er litt som å bygge ut motorvegar. Det hjelp litt i begynnelsen, men vi kjem raskt tilbake til utgangspunktet.

Mat og drikke

Kjøp mat og drikke i medbrakt emballasje. Det sparar deg for unødig emballasje. Ved å handle mat i lausvekt kan du også kjøpe det du treng av mat og slepp å kaste det du ikkje rekk å ete opp. Om du vel matvarer med emballasje, er materialar som kan komposterast flott, som til dømes eggekartongar. Glas og metall er mykje betre alternativ en plast. Du kan sjølv sy dine eigne handlenett til lausvektsvarer, eller du kan kjøpe dei på nettet.

Bea Johnson har ein gratis app som heiter Bulk, der alle kan legge inn butikkar eller matvarer som er søppelfrie. Om du bur i Bergen kan du også sjekke ut Grønare kvardag si liste over emballasjefrie butikkar.

Det kan vere lurt å ta med ei vatnflaske når du når du går heimafrå. Plastflasker bør ein helst styre vekk frå, då dei berre kan bli resirkulert nokre få gonger før kvaliteten blir så forringa at dei hamnar på søppelfyllinga.

Hygiene- og hushaldningsprodukt

Mange av dei produkta vi har i skapet heime treng vi eigentleg ikkje. I tillegg inneheld mange av dei sterke virkemiddel som er usunne for deg og dine omgjevnadar. Det er enkelt å lage sine eigne hushaldningsprodukt. På Grønare kvardag finn du blant anna oppskrift på tannkrem, såpe og vaskemiddel, laga av få ingrediensar som er enkle å få tak i. I tillegg veit du akkurat kva som er i produkta dine, og du står sjølv fritt til å endre konsistens, lukt eller eigenskap til produktet om du ynskjer det. Økonomisk er det også.

Om du barberar det er ein old School barberhøvel ein berekraftig og økonomisk investering. Både barberblada og høvelen kan resirkulerast.

Kompost

Makkompost er ei god løysing for folk som bur urbant, gjerne i tronge leilegheiter utan hage. Makken et komposten din, og du får svart gull i bytte. Jorda frå makkompost er nemleg så næringsrik at den blir seld som gjødsel i fleire delstatar i USA. Komposten er luktfri og kan vere inne. Fleire kommunar i Norge gjev støtte for etablering av kompost. Etablering av ein tradisjonell kompost ligg vanlegvis på rundt 5000 kr. Makkompost kan du enkelt lage sjølv, og inkludert makk blir det på rundt 1000 kr. I Bergen kommune får ein alt dette refundert, då dei gjev 1000 kr i støtte for etablering av ny kompost.

Ein ny start

Vi kan ikkje gå tilbake i tid å gjere om det vi allereie har gjort. Men vi kan vere med på å skape ei framtid vi kan vere stolte av. Vi har alle ein individualistisk livsstil, og nokre endringar mot ein søppelfri kvardag vil vere lett for deg medan andre vil vere lett for meg. Om du ynskjer å legge om livsstilen din, ta det i ditt eige tempo. Det tek tid å integrere nye vaner i kvardagen. Kva med å starte med å investere i opplevingar i staden for ting?

Ynskjer deg ei riktig fin søppelfri veke!

Beste helsing Kristine, Grønare kvardag